Som tidlegare nevnt, dei tinga ein les samtidig med noko anna, gjer at det eine smittar over på det andre på ein viss måte. Det gjeld vel alle ting. Til dømes gir det vel ein eigen effekt å ete marsipanbrød medan ein sym tusen meter, eller å hekle ein kvit duk medan ein fargar håret raudt, berre for å kome med eit par døme. I alle fall: å lese Mattis Øybø si bok
Alle ting skinner samtidig med at ein les
White Noise av Don DeLillo må gi ein eigen effekt. Først kjem den fine effekten, som rett nok blir litt privat for meg, av å kunne gå inn på ein bok-café i Krakow og kjøpe eit stykke eplepai, ein dobbel espresso og eit ulest, men brukt eksemplar av
White Noise, alt til 50 kroner til saman.
På eit tidspunkt i lesinga, trudde eg godt ein kunne bruke dei to bøkene i ein debatt rundt kor mykje frå ei anna bok ein forfattar kan bruke før ein kan stille spørsmål med sjølvstenda til den eine, og då i dette tilfellet Øybø. Etterkvart har eg kome til at det er å trekke det langt, og at Øybø si bok har mykje med
White Noise å gjere, men det er i alle fall lysår frå noko juridisk spørsmål. Dette skriv eg for tidleg, sidan eg ikkje har lest ut
White Noise enno, men eg kan ikkje vente, og tida spring frå meg som ein testosteronlada hingst. Uansett: eg synest Øybø si bok er veldig, veldig bra, og DeLillo si bok er jo allereie etablert som god, og eg skal ikkje gå inn på det, sidan eg ikkje har lest ho ut enno.
I
White Noise finn ein mange av dei same byggesteinane som i
Alle ting skinner. DeLillos hovudpersonen er professor i Hitler, Øybøs er amanuensis i terrorisme. Begge hovudpersonane har ein son frå eit tidlegare forhold (tolv år i
Alle ting, fjorten i
White Noise), at han no er gift og har fleire ungar. I begge bøkene skjer ein katastrofe som ser ut til å ha mennesklege årsaker, i begge bøkene blir familiene evakuert, i begge bøkene førekjem køar som er delt inn etter forbokstavane i personane sine etternamn, etc. På eit tidspunkt byrjar det å snø voldsomt i
White Noise, akkurat som i Øybøs bok (men lenger uti). Likevel er grunntonane så forskjellige i desse bøkene, at dersom ein hadde lest dei om la oss seie hundre år utan å vite kva tid dei var skrivne, kunne ein godt tenkje seg
White Noise som ein harselas over
Alle ting skinner, men slett ikkje omvendt. Den kalde ironiske tonen til DeLillo, dei fullstendig parodiske monologane til enkelte av personane, det satiriske utgangspunktet, og så vidare, har hos Øybø blitt snudd til ((av og til litt pratsomme) forsøk på) alvorleg filosofisk refleksjon. Den pessimistiske medie- og marknadskritikken til DeLillo som verkar svært åttitals i dag, har blitt forsøkt oppdatert av Øybø, slik eg ser det. Om han klarer det, eller når det kjem til stykket mest unngår dei spørsmåla som for DeLillo er presserande i 1985 er ei anna sak, men det er i alle fall eit forsøk som er alvorleg, nesten fram mot det naive, noko eg ikkje meiner negativt.
No spring tida igjen, men dette er min stad, eg kan kome tilbake til det. Det eg meinte, var i alle fall å kome med den tanken at Øybø si bok må vere det omvendte av ein parodi, ein omtenksom og varm omvendt parodi på den urovekkande og kalde stemninga eg kjem i når eg les
White Noise. Kvifor eg blir varm, og ikkje kald av å lese Øybø, det må bli tema for ein annan dag.