28.12.04

Når lukkartidene blir lange


Fullmåne. Seint i går kveld. Mørkret har sitt å fortelje, når det berre får tid på seg. Etter to eller tre sekund trer biletet fram. Og eg let mørkret fortelje. Eg har ikkje så mange ord, her eg sit, under taket til eit husbankhus på synste Møre som knirkar lystig når vinden tek i. Det ler som eit lite barn som har lært å le av ei gammal kvinne med innsunkne kinn.

2 kommentarer:

Silje sa...

nam. mørkepent. poesipent.
fotograferende fint.

Anonym sa...

vakkert bilde. møresus.

-therese.