7.3.05

Ei svart utgåve av Grand Canyon. Eit sprukkent landskap så svart at det sluker all farge frå omgjevnadene, så svart at det fysisk syg all pigmentering frå ansiktet som studerer det. Så tørt at det får augene, munnen og ansiktshuda til å stivne til ei maske. Eg snakkar om restane av kaffi i botnen av koppen på lesesalsplassen min som eg brukte i dag for første gongen sidan... altfor lenge sidan.

6 kommentarer:

Anonym sa...

:) preventivt. Godt skrevet, ble litt skuffet da det handla om kaffi.

Skal passe på tekoppene på den rotete pulten min, to hus bortenfor.


( silje)

Anonym sa...

I motsetning til Silje ble jeg glad da jeg fant ut at teksten handlet om kaffe. Man kunne bli bekymret av mindre!

Silje sa...

:) jeg er vant til at ø legger inn litt sci-fi-effekter i historiene om seg selv, dette blir bare barnemat.

he he

Unknown sa...

Glassdråpe trur ikkje på dei historiene eg fortel.

Silje sa...

Jo, det var jo nettopp det jeg gjorde! Den om at du ikke snakket på en uke, eller var det to, i barndommen en gang. Men det var jo ren løgn som bare passerer hos naive piker som meg. Brent barn...

Anonym sa...

Stor-Lygar! No er eg på dette Sunnmøre ditt, og det er eigentleg fabelaktig. Eg veit korleis nynorsken kjem til å dø, det har eg funne ut på denne turen, men det kjem eg attende til på min eigen blogg. Eg vil berre seie at eg svartsjuk på designen din, og det er nok Kristin Halvorsen også. Ein ivrig lærar førebudde klassen på at eg skulle kome, ved å lese bloggen min. Han var særs oppteken av dette med alle grammatikkdiskusjonane. Då var det liksom håp, då. Eg såg korleis han lyst opp, så eg fyrte opp under med å fortelje om den gongen vi diskuterte og og å i Ut og stjæle hester. Ein anna norsklærar heiv seg inn i diskusjonen, og eg kjente at det var fint å diskutere grammatikk på ein skole utanfor Ålesund. Det er slike lærarar det er kjekt å møte, sånne som er interesserte og tar del i det opplegget eg kjem med. dei som rettar stilar og travar fram og tilbake mens eg held time, kunne eg vore foruten.