Overskrifta er eit feilsitat. Det skulle vere slik:
«What does it matter who is speaking,» someone said, «what does it matter who is speaking»*
Endå ein gong dukkar det opp ubestridelege bevis for at Shakespeare ikkje skreiv Shakespeares skodespel. Denne gongen er det diplomaten Sir Henry Neville som
får skulda, i boka
The Truth Will Out, via eit arsenal av indisiar og fleire aktstykke (statistiske, dvs.
kvantitative analyser av brev, og eit papirark der Neville har øvd seg på Shakespeare sin signatur). Teorien blir no diskutert heftig, mellom anna
her.
Blant dei mange tidlegare kandidatane til Shakespeares eigentlege identitet, var Edvard de Vere, den 17. Jarlen av Oxford, mellom anna fordi han i 1578 i eit dikt skal ha blitt beskreven på denne måten av ein studiekamerat:
«Thy will shakes spears»
Seinare har det vist seg at dette var ei
unøyaktig omsetjing frå latin, som framleis blir diskutert
her.
*Og kven sa dette? Beckett, sitert av Focault i «What Is an Author»? Betyr det noko?