22.11.05

Setningar eg aldri skulle ha skrive III

Ein avtale om utsending/mottak av studentar som ikkje er gjensidig, og som gjerne (men ikkje nødvendigvis) inneber at studentane slepp eller får rabatterte studieavgifter.

Setningar eg ikkje har skrive

Den einaste trøsta i internasjonaliseringshelvetet er setningar som ikkje blir skrivne, men spelte helsefarleg høgt i bakgunnen, som til dømes

Don't be sympathetic
just pass the anaesthetic

- Andrew Bird

eller

I wrote my feelings down in a rush
didn't even check my spelling

- Maxïmo Park

20.11.05

Setningar eg aldri skulle ha skrive II

Denne episoda har undertittelen «dersom det ikkje hadde vore søndagskveld», og går slik:

Balansen mellom tilstrekkeleg fagleg medvirking og medansvar på den eine sida og administrativ avlasting på den andre er ei kontinuerleg utfordring.

18.11.05

Ny serie: Setningar eg aldri skulle ha skrive

1. Denne første episoden har undertittelen «og i alle fall ikkje på ein fredags ettermiddag». Hald deg fast, her kjem setninga:

Strategien må ha samanheng med institusjonen si omverds-/trendanalyse, men òg naturlegvis med strategiane til alle delar av institusjonen og andre instruksar, til dømes til internasjonalt kontor.

16.11.05

Astralveker

Heilt utruleg og til å bli overjordisk lykkeleg av: At den elektroniske dingsen framfor meg heilt av seg sjølv kjem på å spele Astral Weeks med Van Morrison.

2.11.05

Brevkurs i melankoli

Hilde fortalde meg i dag at ho ein gong hadde fått eit brevkurs i melankoli, av sin ven Frode. Det gjekk over fleire veker. Men det gjekk ikkje inn. Ho var framleis ikkje i stand til å vere melankolikar. Eg forstod noko då, trudde eg, klokka fem over eitt, over eit smørbrød med skinke og parmesan, ein kaffi og eit glas vatn, nemleg at heller ikkje eg ville hatt noko nytte av eit slikt kurs. Det ville ikkje ha gått inn. Eg ville ha stanga mot melankolien og ikkje kome inn, og forstått at det einaste eg kunne forstå var det ekstatiske.

1.11.05

Morgonrim for dagsnytt og bibliografi

Tamiflu rimar på Mammy, blue. Dette tenkjer eg på kvar dag.