I sola utanfor Galleri Dreyer, Lillehammer, Norsk litteraturfestival: Arild Linneberg har akkurat presentert den nye omsetjinga av Adornos
Minima moralia, og eg oppdagar at det er 41 dagar sidan eg sist skreiv noko her. Dette er kanskje betre enn ingenting, men det skal ikkje bli langt, eg må nyte sola. I staden kan ein eventuelt lese ei ny melding av ekstasane i
Dag og Tid, eit intervju i lag med Gunnhild Øyehaug i
BT eller ei anna melding i
Morgenbladet (dersom ein har abonnement). No gjer eg nettopp det eg ikkje hadde tenkt å gjere, nemleg lenke til meldingar av boka, men så sjølvoppteken er eg altså i svake augneblinkar, og skal dette vere ein blogg (skal det det?) så kan det like gjerne piple slike ting ut her. Når det ikkje skjer så mykje anna, meiner eg. I sola!
2 kommentarer:
Ja, for faen. I sola!
Godt at se dig på Den Lille Brune, nyd nu også solen for mig, jeg sidder og arbejder indenfor nu...
Vi ses i Torshavn!
.-) M.
Legg inn en kommentar