2.6.08

Dagens metafor

Ah, metaforen, språkets utskjelte stylte, poesiens svar på taxien: over korte distansar kan det vere den raskaste måten å kome fram på, men prisen er høg. Og av og til tek metaforen styringa sjølv. Det ein ville seie blir stilt i skuggen av det ein faktisk seier. Noko slikt kan ein vel seie skjedde med gode gamle Schopenhauer her:

«En tankes nærvær er som en elskedes nærvær. Vi mener at vi aldri vil glemme denne tanken, og den elskede vil aldri kunne bli oss likegyldig. Men ute av øye, ute av sinn! Den skjønneste tanke står i fare for å bli ugjenkallelig glemt hvis den ikke blir nedskrevet, og den elskede for å bli forlatt av oss hvis vi ikke gifter oss med henne.» (Arthur Schopenhauer)

1.6.08

Dieter Telfser

Very seldom have I regretted more not bringing my camera than yesterday when I attended a few lectures at TYPOBerlin, specifically the artist Dieter Telfser’s lecture which he delivered in a latex outfit, and with a live eagle* on his head. A stolen low res screen cap from the Typo Videoblog:



The delivery of a speech with an eagle on one’s head should do something to, eh, the creation or perception of meaning, shouldn’t it? Well yes, indeed it does. There was a certain urgency to everyone’s attention, especially as the eagle took off a couple of times, and flew rounds in the huge, beautiful congress hall of Haus der Kulturen der Welt. It ended abruptly when the eagle flew head on into the wall and fell down. Luckily it didn’t seem injured. Unsurprisingly, the event didn’t go down without protest from the audience.

The title of Telfser’s presentation was «Achtung—Ächtung», something like «Attention–Condemnation». I’m really not able to try a summary, even of the parts I think I understood. I couldn’t even tell you if I thought the speech was interesting, I don’t know. But the performance certainly was. The text, and some debate can be read here, in German.

*UPDATE: Adam T. points out in the comments that it in fact was a golden eagle, not a falcon, as I originally wrote. Sorry about that. The text is corrected.

Mircea Cărtărescu

Eg har ikkje vore på litteraturfestivalen på Lillehammer i år, og det kjennest som eit sakn. Dette er ei vanmektig helsing frå Berlins bakgater til alle dykk eg denne gongen ikkje fekk tatt eit glas med på Håkons pub!

Denne bloggen utviklar seg til eit reint spammefelt for prosjekt eg har fingeren borti, og om det ikkje er det beste som kunne hende så er det vel kanskje ikkje det verste heller. I byrjinga av mai fekk eg spørsmål frå Audun i Gasspedal om å lage satsen på Mircea Cărtărescu si essaysamling Europa er formet som hjernen min (omsett av Steinar Lone) og det blei gjort i kunstig oppblåste virtuelle tidslommer i det fargerike lappeteppet av ein månad dei kallar mai. Judith Nærland fiksa omslag:



Fredag blei resultatet slengt på bordet under litteraturfestivalen, saman med Orbitor. Venstre vinge, som Bokvennen forlag gir ut.

22.5.08

Reportasje om Teufelsberg

Eg fekk det nye nummeret av Syn og Segn i posten i dag. Eg har ikkje lest det enno, bortsett frå det eg står bak sjølv… Det inneheld ei relativt lang reportasje om Teufelsbergs relativt utrulege historie, skriven saman med den gode Ellen Engelstad. Ideen var berre å gjere noko ut av dei bileta eg tok der i november, men så blei det jammen ein tekst av det òg. 11 romslege sider. I butikkane/postkassene om nokre dagar, tenkjer eg.

20.5.08

Dag Solstad on Brand



Dag Solstad's interesting essay ‘On Henrik Ibsen’s Brand’, as free, downloadable pdf.

(The essay was commissioned by the Bergen International Festival, but it's more involved than your average commissioned essay. He's also just written a new essay on freedom of speech for the magazine Samtiden. More in Dagsavisen.)

Design: Yours truly
Cover illustration: Grandpeople.

14.5.08

L’amour de Loin



This is going to be good. Along with the great grandpeople, and of course with pictures supplied by the artists, I’ve been working on the booklet for the performance of Kaija Saariahoa and Amin Maalouf’s opera L’amour de loin.

At the centre of the performance is Elmgreen & Dragsets film-adaptation of the opera, to be shown on a gigantic screen. Apart from looking good (from what I’ve seen, anyway), it's contains interesting parallelization of romantic longing in the middle ages vs. romantic longing in the age of the internets.

Pdf of the booklet for download here.
Performances on 21 May and 22 May.

(Update: Eh, ‘working on’ is perhaps a bit vague: I'm doing the typesetting.)



Oh, and apparently this blog is language agnostic from now. For now.

5.5.08

Vagant om Europa



Om få dagar kjem Vagants gigantnummer med «Europa» som tema, eitt av fleire tjukke 20-årsjubileumsnummer som kjem til å kome som tunglasta gondolar rutsjande nedover kalendertaubanen 2008.



25.4.08

Teikne om film



Kraftsentrum spurte meg om å skrive ein tekst om film, til det komande nummeret om film. Eg enda med å prøve meg på ein slags teikneserie i staden. Sju sider, rett nok med ganske store teikningar. Trykkfargane i det komande nummeret er blått og sølv (som skulle passe veldig godt til eit temanummer om film!), og eg er svært spent på resultatet.

Her er eit par utsnitt, utan tekst. Om de vil vite kva som står i boblene er det ikkje anna å gjere enn å kjøpe det komande nummeret av Kraftsentrum.

Markér som ulest



Meir godt på veg: Markér som ulest, Skrivekunstakademiet sin antologi for 07/08. Sleppefesten finn - så vidt eg veit - stad på Café Opera 27. mai. Kl. 19.00.

Redaktør: Tommy Skoglund
Omslagsfoto: Maria Lyngstad Willassen
Design: Øystein Vidnes

Bidragsytarar:
Nora Hjelmbrekke
Fredrik Kalstveit
Anna Kleiva
Vilde Nenseth
Berit Rødstøl
Jo Andreas Sannem
Tommy Skoglund
Snorre Slaatten
Christian Valeur
Maria Lyngstad Willassen
Elisabeth Yndestad

23.4.08

På kjøkkenet



Bergen Folkebibliotek spurte meg om eit boktips i høve verdas bokdag, som visst er i dag, og her er det eg svarte, i hui og hast:

Aud Olsen:

På kjøkkenet

eller maset med Gustav Haarnack, Ernst Ernst, 
Kestr Aschnitz, Arve Kleiva & Aud Olsen


På kjøkkenet er ei stor – truleg raud eller blå – bok, forkledd som ei lita gul bok. Eg var så heldig å få mitt eksemplar av boka signert, og der står det:

Til Øystein,

sånn ble Aud bok,

Signert «Arve». Og det er sant: dette er Aud Olsens bok om korleis Aud blei bok, men det er også ei akt i Arve Kleivas lågmælte maskespel av eit drama, der han let personar med namn som Gustav, Ernst, Kestr og altså Aud slynge ut lange replikkar i form av bøker. Om ein ikkje kjenner denne forfattarskapen frå før, er kanskje dette den beste staden å starte: Aud Olsens vesle gule, der ho prøver å finne ut kvar det heile byrja og kvar det slutta. Det er ikkje mindre lett, morosamt, spennande og forvirrande enn ein skikkeleg omgong med gøymeleiken.

16.4.08

Jag är inte lektuel

Tekstarkivet er oppdatert med eit par tekstar, mellom anna den om Abo Rasuls Unfun.

7.4.08

typografi.org

Typografen Torbjørn Eng har flytta, oppdatert og utvida dei rikholdige nettsidene sine: typografi.org. Interessante artiklar om norsk typografihistorie, men også oppdaterte artiklar om god typografi. Kapitla om justering av typografisk tekst er obligatorisk lesing for alle som jobbar med å sette tekst i Indesign (eller framleis sit fast i QuarkXpress). Og ei veldig bra liste med lenker til andre ressursar/bloggar.

Dagens andre anbefaling er textism.com. Ganske berømt blogg frå nokre år tilbake av Dean Allen, som no er tilbake, ser det ut som. Typography & emotion, noko slikt: Alright.

Og, naturlegvis: Our Favorite Typefaces of 2007 (typographica.org)

25.2.08

Samtidsruinar



Snart på veg til ei bokhylle i nærleiken: Samtidsruinar av Marit Eikemo. Ei totalt inhabil anbefaling herifrå, naturlegvis, sidan underteikna har stått for formgjevinga, men likevel: Det er ei fantastisk bok.

oppdatering:Lansering i Oslo 27. mars, på Mono. Meir her.

21.1.08

Arne Alvestad

Arne Alvestad veide 68 kilo ved avreisen til Sovjetsamveldet. Da han kom hjem igjen 4 måneder senere, veide han cirka 3.



(I serien «Romanopningar, udelt glede eller nødvendig onde?» har turen kome til opninga på romanen Hvem var Arne Alvestad av Petter Mørk, Dreyers forlag 1974)