6.3.11

Pessoa og Crowleys litterære falskneri



Eg var ikkje klar over at det allereie for åtte år sidan (eller for den del at det var åtte år sidan sist eg var i Lisboa! Altfor lenge) kom ut ei bok i Portugal som samla korrespondansen mellom Fernando Pessoa og Aleister Crowley, men det blei eg klar over då eg kom til Lisboa for ei god veke sidan. Eg hadde ikkje følgt med. I fjor kom det ei ny utgåve av boka på det respekterte forlaget Assiro & Alvim. Med eit uttrykk som passar til temaet: kva i helvete er eigentleg dette?

Om lag halvparten av boka med tittelen Encontro Magick består av korrespondansen som Pessoa og Crowley hadde i åra 1929-1931, før og etter Crowley oppsøkte Pessoa i Lisboa i september 1930. Resten består av den uferdige kriminalromanen som Pessoa skreiv i kjølvatnet av skandalen som etterkvart oppstod, med tittelen A boca do Inferno (Munnen til Helvete).

Møtet mellom Pessoa og Crowley må vere eit av dei mest absurde møta i litteraturhistoria. Det startar med at Pessoa skriv til Crowleys Mandrake Press i november 1929 for å bestille eit abonnement på The Confessions of Aleister Crowley i seks bind. «I subscribed to the publication, though it was a costly one,» skriv den ikkje særleg velståande diktaren seinare. I eit brev der han unnskyldar ei litt sein betaling av det første bindet legg han til at han har funne ein feil i horoskopet i starten av Crowleys bok, og antyder at kanskje forlaget kunne informere Crowley om dette. Han legg til: «I am sorry to inflict upon you this purely fantastic intriusion into what is, after all, only a business letter». Ei veke seinare sender Crowley svar, med Crowleys sedvanlege opning: «Care Frater [Kjære Bror]: Do what thou wilt shall be the whole of the law». Han gir Pessoa rett, og han har tydeleg inntrykk av å ha fått kontakt med ein autoritet på området, frå eit uventa hjørne av Europa (forlagssekretæren til Crowley adresserer til dømes breva til «Lisboa. Spain.», og Pessoa skriv på eit tidspunkt litt tørt: «PS. Please ask your typist to disannex Portugal from Spain. Thanks»). Crowley spør Pessoa om å stille eit meir omfattande horoskop:

I should be very glad if you would let me have some information about my present situation.
Love is the law, love under will.
Yours fraternally,
Τὸ Μεγα Θηρίον [Dyret] 666

Pessoa lovar eit horoskop, men treng tid, seier han. I mellomtida sender han tre engelske chap-books med poesi som han har gitt på eige forlag. Crowley skriv at han synst bøkene er «remarkable», og legg til 22. desember: «I have, indeed taken the arrival of your poetry as a definite Message, which I should like to explain in person. Will you be in Lisboa for the next three months? If so, I should like to come and see you: but without telling anyone. Please let me know by return of post. 666»

Pessoa nøler to veker med å svare. Ja, han er i Lisboa, men av og til bortreist. Og kanskje må han ein tur til England. Kanskje mars ville passe betre? Og dessutan: «Apart from this, astrological reasons would counsel me to suggest March.» Mykje tyder på at brevskrivaren er litt engsteleg for besøk: Det finst ingen indikasjonar nokon annan stad på at Pessoa planla å reise til England, likevel skriv han fleire gonger om at han kanskje ikkje kan ta imot besøk fordi han muligens må til England. Crowley, på si side, oppfordrar han til å kome til London på besøk. Så, 28. august 1930 får Pessoa eit telegram, sannsynlegvis ganske overraskande:

CROWLEY ARRIVING BY ALCANTRA PLEASE MEET

Pessoa finn ut når skipet Alcantra er ventande, og møter Crowley og følgjet hans på kaia. Crowley noterer følgjande knappe beskriving i dagboka si om Pessoa: «Pessoa met us. He is a ‘nice’ man». Crowley kjem i følgje med ei tysk 19-årig jente ved namn Hanni Larissa Jaeger. I følgje dagboka installerer dei seg på eit hotell i byen, badar i havet og påkallar gudane gjennom sex og magi og narkotika. Det er eit eller anna med dette møtet som slår meg som talande: den litt tilknappa, reserverte portugisaren og den ekstroverte levemannen.

Mykje tyder også på at det ikkje er sikkert at desse to fann så mykje å snakke om når dei først møttest. Mykje av korrespondansen mellom dei medan Crowley bur i Estoril utanfor Lisboa, er beskjedar som denne, frå Crowleys kjæreste: «What happened to you? We hoped so much to see you last week.» Pessoa svarer at han er sjuk.

Ein dag skriv Crowley at kjærasten, «Miss Jaeger», etter eit hysterisk anfall som gjorde at dei blei kasta ut av hotellet, har dratt frå han. Ho skreiv ein lapp der det stod «I will be back soon», men Crowley er redd for at ho er dratt for godt. Han ber Pessoa om å ringe han. Få dagar seinare byrjar ei serie hendingar som er vanskelege å oppsummere.

27. og 28. september står det to små notisar i dagsavisa Diário de Noticias om at journalisten Augusto Ferreira Gomes har funne eit sjølvmordsbrev frå den berømte engelske forfattaren Aleister Crowley. Brevet var funne ved kanten av klippene som går under namnet Boca do Inferno, og oppå brevet låg eit sigarettetui som hadde tilhøyrt Crowley. Politiet etterforskar saka. Crowleys forlag i London skriv til Pessoa:

«We have just read in the papers of the disappearance of 666, and while I really think nothing could have happened to him, nevertheless I feel a little anxious.

Knowing that you saw some little of him in Lisbon, I would greatly appreciate it if you could tell me anything to advise me just what really happened.

People here think that he has committed suicide, but ---------»

Nokre dagar seinare står det ein stor reportasje over fire sider i vekeavisa NotÍcias Illustrado, med tittelen «O misterio da Boca do Inferno», skriven av journalisten som fann sjølvmordsbrevet, Augusto Ferreira Gomes. Artikkelen – som mellom anna inneheld intervju med Pessoa – har sterke føringar i retning av at Crowley har tatt livet av seg, det blir fortalt at om ein hoppar frå klippene akkurat der brevet blei funne, blir kroppen aldri funnen, på grunn av havstraumane som skyl alt inn i underjordiske holer.


(Forsida på vekemagasinet Notícias Illustrado 4. oktober 1930)

Korrespondansen mellom Pessoa og Crowleys forlag og Crowleys mellommann Karl Germer i Berlin, viser at Pessoa var svært involvert i å spreie nyhenda om Crowleys sjølvmord. Han sender engelske omsetjingar til London og Berlin av alt som står om saka i portugisiske aviser, og forlaget i London sender klipp frå det som står i engelsktalande media. Det viser seg at dei engelske media ikkje er særleg mottakeleg for sensasjonelle nyhende om Crowley, dei har gått lei og trur at dette er eit påfunn. Crowleys kontakt i Berlin skriv til Pessoa og vil gjerne kome i kontakt med journalisten som fann sjølvmordsbrevet, og som skreiv den store artikkelen om saka. Pessoa nøler igjen: Gomes er på reise i Frankrike, dessutan snakkar han ikkje engelsk. Grunnen til nølinga kan vi tolke oss fram til: Det var Pessoa sjølv, ikkje Gomes, som skreiv artikkelen. Etterkvart innser vi òg at «Karl Germer» som Pessoa korresponderer med i Berlin i realiteten er Crowley sjølv, som ikkje kan kommunisere med Pessoa direkte, på grunn av den portugisiske brevsensuren. Under den pågåande politietterforskinga av saka, er det ikkje usannsynleg av breva til og frå Pessoa blir opna og lesne av politiet. Ja, Pessoa advarer sjølv om sensuren («there is a Press Censorship here, and occasionally even a Postal Censorship») då Crowley på eit tidspunkt blir uforsiktig og sender eit brev direkte, der han godtar seg over oppstusset. Crowley seier til sin kumpan: «I must say I think that you have managed this pretty darn well!»

Det heile er altså ein hoax. Men kvifor ville Crowley iscenesette sitt eige sjølvmord? Ein teori går på at han ville skremme den forsvunne jenta, Hanni Jaeger, ein annan ting er at han likte å setje slike ting i scene (noko som utvilsomt er sant), men ein meir nærliggande teori er at han rett og slett gjorde det for å sleppe unna hotellrekninga som hadde hopa seg opp. Men kvifor blei Pessoa med på spøken? Han hadde utvilsamt ei viss dragning mot det skandaløse, men visse ting tyder også på at han såg eit økonomisk potensiale i det heile.

Gjennom oktober månad er det hektisk korrespondanse mellom partane. Pessoa skriv at ein engelsk detektiv har blanda seg inn og etterforskar Crowleys sjølvmord. Detektivens rapport tek etterkvart form av å skulle bli ein kriminalroman. Det blir tydeleg at denne detektiven er Pessoa sjølv, og at det er han som skal skrive romanen. Og midt oppi det heile skriv også Hanni Jaeger brev til Pessoa (muligens formulert av Crowley sjølv), der ho klagar på at det ikkje står nokon bilete av henne i avisene, berre av Crowley. «The thought that any human being should ever have doubted the fact of my virginity is merely driving me mad,» skriv ho, og legg til at ho er glad at han har teke livet av seg («I can hardly regret the death of the villain who pestered me whith his unwelcome attentions).

Etterkvart blir det likevel tydeleg at Pessoa mistar interessa for kriminalromanen sin, eller ikkje klarer å fullføre arbeidet. Han sender Crowley eit horoskop (men lovar å sende eit som er endå meir utfyllande), eigne dikt (der han mottek følgjande svar frå «Karl Germer»: «A message has been received from the Master, dated from the 11th circle of Hell, in which he says that your poem is ‘pretty bloody damn good’») og ei portugisisk omsetjing av Crowleys dikt «Hymn to Pan». Etter nokre veker blir likevel Crowley meir og meir utolmodig. 12. februar skriv han til Pessoa:

«Carissime Frater
93.
Not one keep uot of you for ages.
No novel!
No capitalist!!
No Nuffink!!
You make me seriously anxious lest your health (which delayed matters before) should have failed you. [...]»

Pessoa svarer høfleg, utan nye lovnader («No capitalist!!» viser til vage forretningsforhandlingar om å starte eit forlag i lag, og Pessoa svarer «The capitalist is exctinct [...] and it was always, as I told you here, a very vague chance»), men ønskjer han lykke til med utstillinga av bilete han skal ha i Berlin.

Crowley svarer: «Why don’t you take a week’s vacation and come and look at them? I’ve mislaid the rectified horoscope you did for me. Can you repeat it? Especially I should like a judgement: ‘Shall I ever get out of this horrible financial hole; if so, when?'». Og i neste brev prøver Crowley endå hardare å lokke Pessoa til denne byen – som også forfattaren av denne bloggen har ein viss lengt til – mellomkrigstidas Berlin: «And oh! boy! as they say in America. This is the town!»

Pessoa: «I should indeed like to go to Berlin, but at this moment it is quite impossible».

Det siste Crowley skriv til Pessoa, 29. november 1931 – bortsett frå eit seinare masseutsendt standardbrev frå ordenen hans – er òg ei bøn:

«Carissime Frater
93.
Haggis!
I had hoped you would follow up your letter of October 5. Your ‘Descent to Maelstrom’ has lasted long enough.
No rectified horoscope from you; and I do so want to know if I am going into a proper lunatic asylum – as my wife did in the middle of July. [...] I would send you a catalogue of the exhibition [...] if I had an adequate envelope. I’ll try to pawn something, and buy one!»

Men Pessoas nedstiging i malstraumen heldt fram, og han svarte aldri.

1 kommentar:

Anonym sa...

Herlig lesning. Denne boken må jeg slå kloa i!

Hobo Highbrow