23.6.12

Eit nostalgisk tilbakeblikk på framtida

Dagsavisen har ei fin større sak om forfattaren Fernando Pessoa i dag:

«Han skrev under et utall forskjellige navn og ble kåret til fire av Portugals største forfattere. Nå kommer et av hovedverkene til den mangfoldige Fernando Pessoa på norsk.» (Lenke her)

Det handlar naturlegvis om utgjevinga av Alberto Caeiros poesi, som forresten – eg kan ikkje la vere å nemne det – har fått omtale som det er verd å sitere frå. Frå meldinga til Ellef Prestesæter i Klassekampen:

«Norske lesere har fått en enestående inngang til Fernando Pessoas litterære univers. […] ’Med ein slik mangel på litteratur som finst i dag’, skrev Fernando Pessoa (1888-1935), ’kva anna kan eit stort talent gjere enn å omdanne seg, heilt ...åleine, til ein litteratur?’ Foruten å røpe en ambisjon som tangerte det stormannsgale, viste det portugisiske diktergeniet her til sitt mest radikale grep, nemlig oppfinnelsen av de såkalte heteronymene - en rekke dikterpersonligheter, som til forskjell fra pseudonymer ble utstyrt med egne biografier, prosjekter og følsomheter. Viktigst blant dem er Ricardo Reis og Álvaro de Campos, samt deres mester, Alberto Caeiro, som Øystein Vidnes nå har gjendiktet til norsk. […] Av de foreliggende norske Pessoa-utgivelsene er dette utvilsomt den som gir leseren best innblikk i heteronymenes storstilte dramatiske fiksjon, med alle dens ironier, speilinger og motsetninger. Vidnes gir oss Caeiro i Pessoas ånd.» (Resten kan lesast i denne faksimilen)

Noko eg sa under intervjuet med Dagsavisen – at Fernando Pessoa ein gong medan han levde, faktisk, blei «kåra til fire av dei største moderne forfattarane i Portugal», eller noko slikt – spora meg til å undersøke meir om korleis det eigentleg hang saman. Plansjen som er gjengitt under blei trykt 24. februar 1929, i O Notícias Illustrado (søndagsmagasinet til dagsavisa Diário de Notícias), med tittelen «Forløparar for den portugisiske modernismen». Pessoa er representert med fire bilete, med påskrifta «Fernando Pessoa – Alvaro de Campos – Ricardo Reis – Alberto Caeiro»:

Det kanskje mest slåande med oppslaget er at det er ein del av eit temanummer om den portugisiske futurismen, som då fylte 15 år. Det er altså eit nostalgisk tilbakeblikk på futurismen, i ei dagsavis i 1929! Ein skal naturlegvis vere forsiktig med å samanlikne ulike miljø, men det er ein slåande kontrast til t.d. norsk litteraturhistorie, som hadde sin forsinka modernismedebatt i 50-åra, 35 år seinare enn i Portugal. Litt frenetisk googling gav meg også ein pdf av heile magasinet frå 1929, som den spesielt interesserte lesar kan laste og kike på ved å trykke på omslaget under, med eit vakkert fotballbilde på baksida: